Kåres hjørne/Historie/Lokal vekkelseshistorie

Lokal vekkelseshistorie

2017-12-29

Her skriv vi om den lokale vekkingssoga i Nordhordland dei siste 200 åra. Det hadde vore spanande om du som les kunne koma med eigne synspunkt, kunnskapar, opplevingar og erfaringar, slik at vi kan få eit endå klårare bilete av soga. Eg kan berre ta med eit utval frå stoffet som finst om emnet, elles hadde artiklane vorte for lange.

Kristenliv og vekkingsliv i Nordhordland

Del 1 : Hauge-rørsla

Vekkinga ved Hans Nielsen Hauge, som starta etter hans sterke møte med Gud ein vårdag i 1796, kom til å setja djupe spor i landet vårt. På sine mange reiser drog Hauge også gjennom Nordhordland, fyrste gong i 1799.

Frå Noreg si soge kjenner vi til kor mykje vekkinga ved Hans Nielsen Hauge fekk å seia for landet vårt, på fleire område. Hauge kom også her til Nordhordland, og reiste gjennom bygdene våre to eller tre gongar. Han gjekk på den gamle postvegen frå Bergen til Trondheim, fyrste gongen i 1799. Likevel er det lite som tyder på at Hauge-vekkinga fekk noko stort gjennomslag her hjå oss.

Men nokre Hauge-vener var det her i bygdene våre. Om læraren Jørgen Reikerås, fødd i 1796 på garden Hetlehovde i Lindås, heiter det at han i unge år kom i kontakt med Hauge-rørsla, og at han tidleg kom til medvite liv i Gud. Han vart ein føregongsmann for ytremisjonen i Myking sokn i Lindås, og var med og starta den fyrste misjonsforeininga der.

Ole Eriksen Eikemo i Masfjorden var ein annan som var påverka av Hauge-rørsla. Han var fødd i 1760. Ole hadde ein bønestad i ei hole vestanfor husa der han budde. På sine eldre dagar såg dei han vandra bort til denne hola, kledd i kvit kåpe og med stav i handa.

Ikring 1870-80 var det også ein mann inne på Matre som førde seg så underleg. Folk trudde at han måtte ha mist vitet. Dei hadde funne han ute i skogen der han snakka med seg sjølv. Dette var Johannes Knutsen Matre. På eit møte der talaren kom med spørsmålet "Kva tykkjer de om Messias?", hadde Johannes reist seg opp og sagt : "Han æ heilt u-unnværlæ".

Det var altså "haugianarar" i Nordhordland alt frå tidleg på 1800-talet, men dei synest å ha vore i fåtal.

Del 2 : Nordhordland Indremisjon vert skipa

Frå slutten av 1860-åra hender det noko heilt nytt her på Vestlandet. Oscar Handeland har skildra dette slik : "Ei mektig vekkingsbylgja bryt inn over Vestlandet. I bygd og by, i dal og på øy vaknar det kristeleg liv. Bedehus skyt opp som sopp om hausten; for kyrkjene er stengde og privathusa for små til å ta folket som samlar seg".

Vekkinga hadde endå ikkje nådd hit til Nordhordland. Men ting tok til å henda. Dagane 7. og 8.juli 1878 var nokre misjonsvener samla i løa til Ole Magnesen på Frekhaug. Her vart Nordhordland fellesforeining skipa, det som idag heiter Nordhordland Indremisjon. Sjølve misjonsstemna vart halden utandørs, i ein liten dal på Langeland.

Indremisjonsvener frå Lindås og Masfjorden var samla til årsmøte på Fanebust i 1888, og på dette møtet vart Lindås og Masfjorden fellesforeining for indremisjonen skipa. Fedje foreining vart tilslutta i 1892. Frå 1948 gjekk fellesforeininga saman med Nordhordland Indremisjon.

Mange ungdomar frå Nordhordland arbeida og budde i Bergen. Der kom dei i kontakt med den nye vekkingsrørsla. Når dei vart frelste fekk dei også naud for folket i heimegrendene. Dei var med og sende emissærar (forkynnarar) til Nordhordland, og snart vart vekkingselden tent også her.

Eit døme på dette er det som skjedde då Hordabø Indremisjon vart skipa : Nokre utflytte frå Bøe sokn på Radøy var i 1883 samla på Laksevåg i heimen til byggmeistar Nils Vågenes. Dei vart samde om å skipa ei foreining på Radøy. Dette vart opptakten til Hordabø Indremisjon. Fyrste formannen var Rasmus Andersen Kvalheim. I dag er arbeidet ein del av Nordhordland Indremisjon.

Del 3 : Vekkinga kjem til Nordhordland

Det var på 1880-talet at vekkinga byrja å gripa folket her i Nordhordland. Før dette hadde folket i ætt etter ætt levd i gamal namnkristendom.

Folk flest gjekk i kyrkja, dei gjekk til altars (nattverd) vår og haust, borna vart døypte og konfirmerte, og rundt i heimane las dei frå gamle preikebøker. Likevel var folket bunde i synd og gudløyse, og banning og drikking var vanleg. Søndagane vart nytta som handelsdag, og til ein middagslur under preikestolen. Levande kristentru var ukjent for dei fleste.

Frå 1880-talet kom det eit omskifte i bygdene våre. Eikanger indremisjon vart skipa omlag 1880 etter ei vekking som nådde fleire bygder. Fem år etter vigsla dei Eikanger bedehus, langfredag i 1885. Dette var likevel ikkje det fyrste bedehuset i Nordhordland. På Sagstad i Meland hadde dei bygd bedehus på dugnad alt i 1881.

Vekkinga i Masfjorden

Bendik Kalhovda heitte ein mann som hadde flytta frå Masfjorden til Skånevik i Sunnhordland. Han vart frelst og fekk omsorg for bygdefolket heime. I 1884 fekk han forkynnaren Helge Nes til å reisa til Masfjorden. Han skal ha vore ein av dei fyrste løna lekfolk som forkynte Guds ord her.

Helge Nes var ein radikal forkynnar. Han fortalde folket at det ikkje var nok at dei var døypte og konfirmerte, las i andaktsboka og gjekk til altars to gongar i året. Nei, dei måtte oppleva frelsa ! Dette var nye tonar i forkynninga, og mange vart forarga. Men andre kom i syndenaud og forstod at dei hadde levd i ei villfaring.

Ludvig Larsen var ein leiar i ungdomsflokken, dansemeister og spelemann. Han gjekk på møte mest for å finna noko han kunne ha moro med etterpå. Men talen greip han. Han fekk ein tung sjelestrid, men vann til sist fram til indre fred. Det at Ludvig vende om fekk mykje å seia for andre, og vekkinga greip om seg.

Slik fortel Ludvig Hope om vekkinga i Masfjorden : "Det var ein haust det hende. Eg var stor nok til å ana at dette var noko heilt nytt. Folk stod fram og bad om nåde og tilgjeving for sine mange og store synder. Dei gret som born og bad utan bønebok, dei bad med eigne ord. Granne bad granne om å venda om, og unge som gamle seig i kne mellom stolar og benkar, dei reiste seg glade, tørka tårer, dei song, takka og jubla. Lyse livssmil kom i auga og åsyn på folk som før hadde vore kalde og mørke, og ein barnsleg kjærleik vaks fram mellom husfolk, ungdom og grannar. Folk song i heimen, på vegen, på kyrkjebåten, dei samlast frå gard og grend til oppbyggingsmøte kvardag og søndag. Det vart "jol i fasta - og midt i vinter - vår"."

Del 4 : Tormod Rettedal og årsmøta

Årsmøtet var storsamlinga for vekkingsfolket i Nordhordland. Til desse møta kom det gjerne ein eller fleire stortalarar. Tormod Rettedal var ein av desse.

Det fyrste årsmøtet i Nordhordland Indremisjon vart halde på Ostereidet i 1879. På få år vaks årsmøta i Indremisjonen til dei største folkesamlingar som nokon visste om i Nordhordlandsbygdene. I hundreder, ja tusental*, samlast dei ute under open himmel. Lars Njøten fortel om eit slikt årsmøte, på Elvika-Hope i Masfjorden. Grenda hadde berre 6-7 bruk, men der var mange truande. Lars budde hjå han Knut og ho Knut-Marta. Han hadde vore ute, og då han kom inn att høyrde han bøn alle stader : "Dei bad i sørestøvo og norastøvo, på sørelemmen og norelemmen, ja, dei bad på kjøkkenet óg".

I tretten år på rad var Tormod Rettedal talar på årsmøtet i Nordhordland. Fyrste gongen var i 1887, på Skauge i Lindås. Ikkje noko hus var stort nok til å romme alle dei som kom til møtet, så dei måtte vera utandørs. Jakob Traasdahl tala ut frå Esekiel 37, medan Rettedal sitt emne var omvendinga.

Våren 1888 tala Rettedal på ei misjonsfest på Lindås. "Fest" - det vil seia både mat og Guds ord - det var noko nytt der i bygdene då. Oscar Handeland skriv om møtet : "Det kom usturteleg mykje folk. Båt etter båt la til land. Dei som stelte med maten stod tilslutt rådlause : dei hadde ikkje nok til alle". På møtet tala Rettedal om ordet i 1.Joh.3,9 : "Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd". Ordet hadde vore eit stridstema der den vinteren, men Rettedal fekk klårgjera korleis dei skulle forstå dette ordet.

Årsmøtet i 1888 var på Fanebust. Dei fekk ikkje bruka kyrkja, og hadde møtet i ei løe. Rettedal treivst godt i lag med nordhordlendingane, og folket her elska han og sette han høgt. Det var fest når han kom, og han måtte tala til folket både om føremiddagen og ettermiddagen. Når kvelden kom samla dei seg gjerne utanfor huset der han budde, og så måtte han ut og prata med folket. Som oftast tala han til dei frå trappa før dei skildest.

*Kommentar : I Nordhordland Indremisjon sitt hundreårsskrift kan vi lesa at årsmøta kunne samle frå 4-6000 menneske!

Del 5 : Emissærane

Dei omreisande forkynnarane i indremisjonen vart kalla emissærar. Ofte var dei tilsette berre i vinterhalvåret, medan dei resten av året var bønder eller hadde anna løna arbeid. Mange av emissærane var særmerkte forkynnarar. Dei trudde på Bibelen som Guds ord, og forkynninga var gjerne både direkte og radikal.

Den fyrste emissæren som vart tilsett i Nordhordland Indremisjon var Johan Haldorsen. Han busette seg på Frekhaug, og noko av det fyrste han skaffa seg var ein robåt. Så rodde eller segla han innetter fjordane til bygdene der han skulle halda møte. Det var lange og slitsame reiser, ofte i rusket vær. Ikkje alltid var det like lett å få husrom og mat heller i den fyrste tida. Det hende han måtte søkje nattely i ei løe.

Sjur Bjørsvik vart omvend til Gud i tidleg ungdom, medan han var på fiske i Nordland. Han hadde ein sterk indre trong til å vitna om Gud, og gjekk i fleire år med ein lengt etter å få klårleik i om Gud ville og kunne bruka han i si tenesta. På eit bønemøte fekk han kallet stadfesta. Ein av "venene" kjende seg kalla av Gud til å seia til Sjur at han skulle vera eit Herrens vitne, og han vart bedt for med handpåleggjing. Frå då av tvila han aldri meir på kallet. Han byrja å reisa med Guds ord, fyrst privat, og seinare i indremisjonen, der han vart tilsett i 1894.

Om emissæren Johannes Raknes frå Osterøy vert det fortalt at ein gong var på veg heim att etter eit møte på nordsida av Osterfjorden. Det var ein mørk kveld, og som Johannes sat der i færingen sin vart han så sterkt minna av Gud om å syngja ein song. Han synest dette var merkeleg, men lot si rungande røyst lyda inn i nattemørket. Songen stilna ikkje før han nådde land på Raknessida.

Ei tid etter denne hendinga var Johannes i Øygarden. På eitt av møta der var det ein i møtelyden som vitna om noko han hadde opplevd. Han fortalde at han ein sein kveldstime hadde kome ut Osterfjorden med skøyta si, men at han var svært nedfor og ikkje orka leva lenger. Han stod ved rekka fast bestemt på å hoppa på sjøen og ta sitt eige liv. Men akkurat då høyrde han nokon syngja ein song, og "den songen berga meg", sa mannen. Johannes fekk nok ein gong stadfest kor viktig det er å vera lydig mot Gud!

Lars Njøten

Ein annan særmerkt forkynnar var Lars Njøten, frå øya Njøten nordst i Lygrafjorden. Her vart han fødd i 1867. Lars var med på det tidlegare omtala årsmøtet på Fanebust i 1888. Etter dette møtet kom han i ein sterk sjelestrid, som heldt fram heime på lemmen den natta. Då fekk han eit ord frå Jesus, frå Joh.11,40 : "Dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom". Mor hans, som hadde høyrt han om natta, møtte han på trappa om morgonen. "Kva er i vegen med deg, Lars?", spurde ho. "Nei, no er ingen ting i vegen. - Halleluja, jeg har min Jesus funnet!"

"Han Lars" sa vekkingsfolket i Nordhordland. Då visste alle kven det var. Lars Njøten rodde eller segla i færingen, gjekk til fots, eller tok rutebåten rundt om i bygdene i Lindås, Masfjorden og Øygarden. Med seg hadde han Bibelen, "bokjæ", eller "skøyte (skjøte) på Himmelen" som han ofte sa. Det var ordet i Luk.22,29 han då hadde i tankane.

Bibelskulen fekk Lars aldri råd til å gå på, men han gjekk i "Himmelriksskulen". "Han er så rimeleg at alle kan gå der", sa Lars. "Er det ikkje tungt å ro så lange vegar?" spurde folk han Lars. "Eg tek berre eitt åretak om gongen" svara han då. "Ja, men er det ikkje vondt å vera åleine støtt?" "Nei, signe deg, eg er ikkje åleine. Vår Herre er med meg", sa Lars.

Boka om Lars Njøten, forfatta av Johannes Kvalheim, gjev oss eit godt bilete av det levande kristenlivet som fanst i bygdene våre på denne tida. Boka kom ut i 1950.

Del 6 : To kjende forkynnarar frå Nordhordland

Dei to mest kjende forkynnarane her frå Nordhordland er Andreas Lavik frå Eksingedalen og Ludvig Hope frå Masfjorden. Begge var sentrale leiarar som fekk mykje å seia for det kristne organisasjonslivet på Vestlandet og elles i landet vårt.

Andreas Lavik

Andreas Lavik (1854-1918) frå Lavik i Eksingedalen var nest eldste sonen til haugianarane Kari og Johannes Lavik. Som 19-åring vart han omvend til Gud, og i 1878 byrja han som emissær i Bergen Indremisjon. Før det hadde han allereie verka til stor velsigning og vekking heime i Eksingedalen og i nabobygdene. Han tala med "ild, kraft og begeistring", og samla overfylte hus både i Bergen og vidare ut i Nord- og Midthordland. Fleire stader vart det store vekkingar.

I 1886 kjøpte Andreas Lavik gard i Kvinnherad og flytta dit med familien sin. Han vart engasjert i lokalpolitikken, og deretter i rikspolitikken då han vart stortingsrepresentant for Moderate Venstre frå 1888. Då Det Vestlandske Indremisjonsforbund vart skipa i 1898, var Andreas Lavik ein sentral mann både i førebuinga og i det vidare arbeidet for den nye organisasjonen. Han vart sekretær i forbundet og redaktør for bladet som dei gav ut, "Sambaandet".

Mange stader der Andreas Lavik reiste med Guds ord fekk han oppleva at menneske gav seg over til Gud. Dette hende i byar som Egersund, Ålesund, Trondheim og Namsos, og fleire andre stader. Ein av dei som Lavik verka mykje saman med var presten Bernt A. Lindeland. Dei to samla og redigerte også Det Vestlandske Indremisjonsforbunds sangbok "Sions sange". Fyrste utgåva kom i 1900, og fram til 1925 vart sangboka trykt i 17 opplag.

Ludvig Hope

Den mest kjende forkynnaren og kristenleiaren frå Nordhordland er Ludvig Hope (1871-1954) frå Hope i Masfjorden. Han tala til store folkemassar og opplevde store vekkingar i Noreg. Frå 1931 til 1936 var han dessutan generalsekretær i Kinamisjonsforbundet (Norsk Luthersk Misjonssamband).

Slik skriv Oscar Handeland om det som hende då Ludvig Hope vart frelst : "Så var det ein dag, truleg i slutten av mai 1887, at han låg og reinska ugras or ein potetåker på farsgarden. Han bala med det gamle spørsmålet om å tru. Ikkje på om Gud var til, det tvila han aldri på. Alt som stod i Bibelen, heldt han for sant. Men korleis skulle han få fred med Gud, bli eit frelst og nytt menneske? Han visste at det måtte tru til, for det stod i Guds ord, og det sa alle preikarane, men korleis skulle han få det til å tru? Det spørsmålet var like uløyst for han no som den fyrste dagen han tok til å grunda på det.

Då kom han ihug noko som han hadde lært på skulen, og som han alltid hadde kunna seinare. I Luthers tolking av den andre artikkelen stod det : -at han ved sin uskyldige lidelse har frelst meg! Var det ikkje slik det stod i katekisma? Jau visst var det so! Han tok det opp att : -har frelst meg! Det stod ikkje : - han skal frelsa meg, nei, det stod : - han har. Ludvig gløymde bort både tru og tvil der han låg og reiv ugras. Han såg berre dette eine : Kristus har frelst meg! Det var som ei svartblå toresky hadde rivna og sola skein klår og varm. Heile tilværet var som nytt."

Då Ludvig Hope var 50 år skreiv han eit dikt der han skildrar omvendinga si på denne fine måten :

Guds nåde var stor. Den fann meg langt inni den trongaste fjord.

Den førte meg over frå synd og frå skam - Og la meg som barn tett ved Faderens famn.

Frå korset kom lyset ved Frelsarens ord - Guds nåde var stor.

Del 7 : Bedehusa vert bygd

Det var stovene, og stundom skulestovene, som vart brukt til vekkingsmøta i den fyrste tida. Stormøta var i friluft, eller dei samlast i ei løe. Men snart var det ikkje plass i dei små stovene lenger. Så vart det bygd bedehus, der vekkingsfolket kunne samlast om Guds ord, til bøn og oppbyggjing.

Åra 1885-1900 var det ei rik vekkingstid i Nordhordland, og vekkingane held fram også på 1900-talet. Kyrkjene var i fleire år stengde for den frie lekmannsrørsla, eller Indremisjonen som var rørsla sitt namn. Stovene vart snart for små til å samlast i. Dermed byrja vekkingsfolket å byggja sine eigne forsamlingslokale. I bygd etter bygd vart det reist bedehus, med stor offervilje og dugnadsinnsats av misjonsfolket.

Det fyrste bedehuset her i Nordhordland vart bygd på Sagstad i Meland i 1881. Huset vart bygd av gråstein, med metertjukke murar. I Lindås vart Eikanger bedehus reist i 1885. Før århundreskiftet hadde det også kome bedehus på Årås i Austrheim. Fram til i dag har det vorte bygd over 50 bedehus i 9 ulike kommunar i Nordhordlandsregionen, noko som vitnar om kor sterk indremisjonsvekkinga har vore her hjå oss.

Bedehusa vart basar for vekkingsarbeidet rundt i bygdene, der folket fekk høyre Guds ord tala av omreisande emissærar. På bedehusa fekk dei også høyre nytt frå den store verda, når misjonærar kom på vitjing, fortalde og synte lysbilete frå fjerne land. Bedehuset vart ein åndeleg kraftstasjon for dei truande, men også ein sosial møtestad og eit kultursentrum i bygda.

Del 8 : Vekking i indre Osterfjorden

Også i bygdene i indre Osterfjorden var det gjennomgripande vekkingar. Snart vart det årlege pinsestemner på Romarheim. På det meste kom det 1000 menneske til denne stemna.

I slutten av 1880-åra braut det ut vekking i Kroken (Vikanes). Slik vert det fortalt om det som hende : "Det var midt i slåtten, men folk kasta ljåen for å høyra Guds ord, som "Drammanilsen" forkynte. Etter talen var det bønemøte på kne, og det var sagt at dei som ikkje bøygde kne, var så gripen at dei skalv meir enn dei hine. Det var ei merkeleg åndsbylgje som kom over gardane Eikemo og Eikefet. Denne vekkinga førte til at folk engasjerte seg i forkynning av Ordet og i venesamfunnet. Nokre vart også kveikte for ytremisjonen, og fleire foreiningar vaks fram".

Om ei anna vekking i desse bygdene heiter det : "I 1899 tala Ananias Hodne Guds ord i Romarheim-Urdal skulekrinsar. Joakim Hadland, som var ung og nyfrelst, var med han. Ved desse to kom det eit åndeleg vårvær over skulekrinsane, og folk søkte Gud".

Pinsestemna på Romarheim

Den fyrste pinsestemna på Romarheim vart halden i 1898, og rundt 450 personar var med. Folk kom roande langveges frå, for å høyra Ordet og vera saman med Guds folk. Det kom folk like frå Hjelma, i ein liten fiskebåt. Andre kom frå Manger, Myking, Kleiveland, Hjelmås, Eksingedalen, Stamnes, Dale og Gammersvik. Frå øvre Eksingedalen måtte dei fyrst gå til fots 4-5 mil ned til Eidslandet, og deretter ro 1 mil til Romarheim!

Stemna var gjerne i ei løe den fyrste tida. Til benkar nytta dei sildetønner som dei hadde lagt uhøvla plankar over. Festmaten kunne vera lettsalta brosme, poteter og flatbrød med bondesmør. I 1922 (eller 1923?) kom det om lag 1000 menneske til pinsestemna på Romarheim, og Joasløa vart for liten. Tradisjonen med pinsestemne på Romarheim vert halden ved like også i vår tid.

Del 9 : Barne- og ungdomsarbeid

Det har vore eit rikt barne- og ungdomsarbeid i Nordhordland, med søndagsskular og ungdomsforeiningar. Alt så tidleg som i 1914 vart det starta kristen folkehøgskule på Frekhaug.

Dei fyrste søndagsskulane i Nordhordland kom i gang i 1880-90-åra, og etter kvart kom det søndagsskular i dei fleste bygder. Tidleg på 1900-talet vart også dei fyrste kristne ungdomsforeiningane skipa. I Hordabø skjedde dette allereie i 1909. Yngresarbeidet er av nyare dato. Det fyrste yngreslaget vart skipa på Tveit i Meland i 1941.

Indremisjonen hadde også ungdomskurs. Under siste krig kunne det vera 1000 søkjarar til desse kursa, og dei vart delt på to kurs. Dette viser kor sterkt det åndelege livet var her i bygdene på denne tida. I 1944 vart også den fyrste yngresleiren arrangert, i bedehuset på Vaksdal. Etter kvart vart det faste yngresleirar på Frekhaug i pinsehelga, med 500 deltakarar på det meste, og desse leirane var då dei største som vart arrangert her i landet.

Vinteren 1964-65 bygde Nordhordland Indremisjon sin eigen leirstad på Raknes på Osterøy, og her er det mange leirar for barn og unge både om sommaren og elles i året.

Nordhordland Folkehøgskule

På Nordhordland Indremisjon sitt nyårsmøte i 1914 vart det vedtatt å starte ein kristen folkehøgskule. Dei fekk kjøpa Martens gård på Frekhaug, og 7.oktober same året opna skulen med om lag 50 elevar. Etter kvart har skulen vakse til den største i sitt slag i Noreg.

Folkehøgskulen på Frekhaug har vore til stor velsigning for Nordhordland og landet elles. Mange ungdomar har fått ein ny livskurs etter eit år på denne skulen. Johan Åsgard fortel : "Vinteren på Frekhaug ble en fornyelse for Gudslivet mitt, jeg ble mer frigjort og vant fram til større frimodighet. Jeg ble en av de mange som stod fram og vitnet, noe som ble helt avgjørende for livet mitt videre".Det finst mange som kan vitna om det same eller liknande opplevingar frå året på folkehøgskulen.

Del 10 : Misjonsarbeid

Som ei frukt av vekkingane fekk folket i Nordhordland ikkje berre naud for sine eigne, men også for folk i andre land og kulturar. Det vart skipa mange misjonsforeiningar, der særleg kvinnene gjorde ein stor innsats. Nokre sa også ja til kallet og reiste ut som misjonærar til fjerne land og kystar.

I Myking sokn var Jørgen Reikerås (1796-1884) den fyrste som fekk interesse for misjonsarbeidet. Jørgen hadde sett seg føre at han kvart år ville gjeva 1 dalar til misjonen, og han sende desse pengane til eit tysk misjonsselskap. Etter at Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1842 var det dei som fekk gåva hans. Han tok også til å halda misjonsmøte rundt i bygdene.

Og nettopp frå Mykingkrinsen vart det tidleg sendt ut misjonærar. Berge Marthinussen Hodneland (f.1881) var misjonsprest på Madagaskar frå 1909 til 1932. Magnus Eliasson Sæveraas (f.1897) og kona Marie, født Nævdal, reiste også til Madagaskar. Magnus var misjonsprest på Madagaskar frå 1925 til 1952. Olav Hodne (f.1921) reiste til India og var misjonær der frå 1948. I alt er det fleire titals misjonærar som har reist ut her frå Nordhordland.

Misjonsforeiningar

I dei fleste bygder vart det skipa misjonsforeiningar som arbeida for misjonen. I boka "Sidl og pote", som fortel om dagleglivet på Hodneland, vert det fortald om ei slik foreining : "Alle dei vaksne kvinnene var med i misjonsforeininga. Foreininga var felles for Natås, Sæverås og Hodneland, og vart starta i 1901. Både eldre og yngre var med, trass i at det helst var konene på garden som var mest aktive. Møta gjekk på rundgang, men føregjekk i det same huset kvar veke heile vinteren. Neste vinter vart møta halde i eit nytt hus, o.s.b. Kvinnene laga ting til inntekt for Det Norske Misjonsselskap. Dei spann, karda, strikka - og prata. Rokkane bar dei ofte med seg lang veg. I dei seinare åra dreiv dei meir med strikking.

Om våren hadde me basar og selde labbar, trøyer, vottar o.s.b. i det huset der me hadde halde til om vinteren. På denne måten vart det samla mykje folk, og det var svært koseleg. Det vart også servert kaffi og mat".

Etter kvart fanst det misjonsforeiningar i dei fleste bygder, og som på Hodneland var det gjerne slik at dei fleste kvinnene i bygda var med der. Dei årvisse basarane, med loddsal, åresal og auksjon, samla mykje av bygdefolket. Slik fekk dei ein sosial funksjon, samtidig som det gav misjonsorganisasjonane gode og naudsynte inntekter.

Del 11 : Ei vekking på 1930-talet

Det er interessant å høyra når einskildpersonar som opplevde vekkingane fortel om det dei fekk vera med på. Her skal vi gjeva att ei kort skildring, frå ei vekking på Stranda i 1932. Det er Borgny Nesbø (f.1915) som fortel.

"Predikanten Fosse hadde møte på bedehuset, og huset var fullt kveld etter kveld i 6-7 veker. Det kom båtar frå Jordal og Hindenes. Eg kan hugsa Andreas Jordal, ein stor, kraftig mann, som kom over fjorden for å vera med på møta. Møta byrja kl.20. Då hadde bøndene fyrst vore på meieriet og levert mjølka. Mjølkespanna låg i ein haug sørom bedehuset. Dei bruka å låsa døra under bønemøtet, så ingen skulle koma inn og uroa.

Fosse byrja kvart møte med ein song som hadde fire vers. Han spela orgel til songen. Eg kan hugsa fyrste og litt av andre verset på den songen :

Ønsker du å være med uti Himlens herlighet? Vandre da ei lenger ut på syndens vei.

Men på frelsens tog kom inn, og du får et hellig sinn, Jesu blod fra all din synd kan rense deg.

Togets fører Jesus er, hjem til Himmelen det ber, og vi synger halleluja, pris skje Gud....

Mange kom i syndenaud og gav seg over til Gud. På desse møta bøygde eg meg for Gud. Eg hugsar godt ei kvinne som bad høgt og inderleg til Gud for sine. Ei dotter som var til stades braut då ut : "Mor! Mor! No kjem eg til Jesus med ein gong!" Eg hugsar ein mann - han skalv heile han - så intens var kampen. Han gav seg over til Gud. Denne mannen hadde spela til dans, og no spela han på trekkspelet på vegen, heilt fram til bedehuset. På møta var det mange som vitna om sin nyfunne fridom, at Jesus hadde løyst dei ut. Så stor var vitnetrongen at to kunne "spretta opp" samtidig for å seia noko om Frelsaren".

Del 12 : Pinserørsla kjem til Nordhordland

I 1907 hadde det kome eit par pinsepredikantar til Bergen, og ein som heitte Nils Titland reiste for å høyra desse. Han bad dei koma ut til Nappane, og slik kom pinserørsla hit til Nordhordland.

Det vart mange møte på Nappane, som vart ein samlingsstad for pinserørsla i Nordhordland, ja langt utover i landet. Her hadde dei store stemne, og berre på eitt møte vart 74 kvinner og menn døypte i sjøen der! Den fyrste kyrkjelyden på Vestlandet vart skipa på Nappane i 1917, og tre år seinare bygde dei huset sitt, Zoar.

Det var brann i kristenflokken på Nappane, og etter eit bønemøte som hadde vart mest heile natta, vert det fortald at folk såg logande eld over huset der dei hadde halde bøn. Det var folk på rutebåten ute på fjorden som skal ha sett dette.

Evangelist Alf Solberg var ein pionér i pinserørsla i Nordhordland. Han kom hit til Nordhordland saman med ungdomar herifrå som hadde kome med i pinserørsla i Bergen. På Grøttveit* budde Solberg ei heil tid, og reiste rundt i Nordhordland med Guds ord. Slik spreidde vekkinga seg.

*Kommentar : Nilla Grøttveit var den fyrste pinsevenen på Grøttveit, og det vart halde møte i heimen hjå Kari og Martin Grøttveit.

Del 13 : Fleire pinsekyrkjelydar vert skipa

På Nappane hadde det vorte skipa pinsekyrkjelyd, og der hadde pinsevenene bygd forsamlingshus. Etter kvart som pinsevekkinga greip om seg, kom det fleire kyrkjelydar i Nordhordland. Særleg skjedde det mykje på 1930-talet.

På Sletta på Radøy stod Magnus G. Mellingen i spissen for bygginga av bedehuset Betel. Dette var i 1924-25. I 1932 hadde Erik Tangedal møte i bygda, etter at han hadde kome heim frå Canada. Mange vart frelst og døypt, og i 1936 vart det skipa kyrkjelyd. Bertin Pletten var den fyrste forstandaren. Dei var 38 medlemar frå starten. Året før (1935) hadde det også vorte skipa kyrkjelyd på Manger.

Evangelistane Willie Hagen og Roald Andersen hadde husmøte på Rossland i Meland, mellom anna i stova til Ludvig Vikebø. Dette var om hausten i 1933, og fleire gav seg over til Gud. Venene her bygde forsamlingshuset Sion, som vart tatt i bruk i 1937.

Jakob Henriksen frå Bømlo hadde møte på Hestdal i 1936, og det vart ei åndeleg oppvakingstid i bygdene. Møta starta i stova til Andreas Walde. Han var mellom dei som gav seg over til Gud. Våren 1937 vart Meland Evangeliske Menighet skipa med 25 medlemar*, og same året vart bedehuset Betel på Hestdal reist. Året etter kunne dei også ta i bruk bedehuset Betesda på Tveit! Då det nye bedehuset Betel stod ferdig på Moldekleiv i 1991, vart pinsevenene sitt arbeid i Meland samla her, og dei andre bedehusa vart selde.

Pinsekyrkjelyden Betania vart skipa i Isdalstø i 1937, då som ein bønering. Dei kjøpte eit bustadhus i Alvermarka, som vart tatt i bruk som bedehus frå 1938. I Alverstraumen hadde pinsevenene innreidd lokale i garveriet til Tofting, i 1935-36. Og i Gjervik fekk dei eige bedehus i 1947, etter å halde til i eit mindre lokale i 5-6 år. Etter kvart vart det naturleg å samla arbeidet i dette området på ein stad, og det nye Betania stod ferdig i Knarvik 25.mai 1980.

*Kommentar : Kyrkjelyden vart registrert i 1943, og ved utgangen av det året hadde dei 128 døypte medlemar.

Del 14 : Pinsevenene på Rødland og Fammestad

Pinsevenene fekk bøneringar, forsamlingshus og kyrkjelydar i fleire bygder, mellom anna på Leiknes, Rødland og Fammestad. Arbeidet på Rødland fekk mykje å seia også gjennom dei årvisse sommarleirane for barn og ungdom.

På Rødland (Stranda)

Pinsevenene på Rødland har ein interessant historie. Oskar Hauge og Peder Hølleland kom frå Amerika, der dei hadde kome i kontakt med pinserørsla. Etter kvart kom fleire med i flokken, og Hauge var leiaren deira gjennom mange år. Dei fekk oppleva fleire vekkingar. I 1938 var det mange unge som kom med då evangelistane Åse Kristiansen og Olga Gladheim hadde møte i bygda. I 1943 kom det ei ny vekking. Jon Eckholm var Guds reiskap då, og meir enn 40 vart omvende til Gud.

Før dei fekk eige forsamlingshus (Filadelfia) i 1949, hadde pinsevenene samlast ulike stader. Dei hadde møte i byggmeister Lars Rødland si hytte, og på Stølen, i heimen hjå Olga* og Lars Hosøy. Ei tid leigde dei "Salen", eit rom oppe på Helgesen sitt gamle bakeri. Ved større stemne hende det at dei nytta Oskar Hauge si løe. Dåpshandlingar hadde dei i friluft, mellom anna i ei tjønn på Hosøy.

Ungdomsleirane på Rødland starta opp i 1953, då med namnet "Bibelveke". Frå tidleg på 60-talet kom også barneleirane i gang. Innkvarteringa var i fyrstninga i private heimar, og frå 1961 i klasseromma på den nye skulen. Leirane vart kjende langt utanfor Hordaland, og mange barn og unge fekk møta Jesus gjennom dette arbeidet. Nokre av desse vart seinare forstandarar, eller kom inn i anna aktiv kristen teneste. Sommarleirane på Rødland heldt fram i mange år, og har sett varige spor både her i distriktet og vidare ut.

På Fammestad

På Fammestad vart det skipa ein bønering i 1958, etter at ei vekking hadde gått over bygda. Dei fekk sitt eige bedehus, Eben Eser, i 1965-66. I dag er det ein aktiv kyrkjelyd her. Dei har mellom anna eit veksande barnearbeid.

* Kommentar : Olga Gladheim vart gift med Lars Hosøy.

Del 15 : "Åpen Bibel" på Frekhaug

Olav Ryland (1929-2007) frå Sagstad i Meland kom heim til Noreg i 1970, etter 18 år i Canada. På Frekhaug starta han opp eit arbeid som fekk namnet "Åpen Bibel".

Olav Ryland hadde kjent Guds kall som tenåring heime på Sagstad, men sa nei den gongen. Då han var 22 år gamal flytta han til Canada, og dei neste åra vart det eit liv med mykje alkoholmisbruk. Men i 1956 vart han frelst og løyst frå alkoholen. Gud kalla han til teneste, og saman med kona Ida verka dei no i mange år som misjonærar mellom cree-indianarane i Nord-Canada. I 1970 flytta Olav attende til Noreg med sin familie.

Då Olav kom heim til Noreg vart han engasjert i forkynning, og han fekk vera Guds reiskap til vekking fleire stader. På Frekhaug starta han opp eit arbeid som fekk namnet "Åpen Bibel". Her fekk unge kristne Bibelundervisning, og vart trena til evangelisering og teneste for Gud. Det vart også arrangert barne- og ungdomsleirar, som på det meste hadde meir enn 100 deltakarar.

Olav Ryland si teneste som forkynnar og Bibellærar strekte seg over heile Vestlandet, og etter kvart vart han knytt til Det Norske Misjonsforbund(DNM), ei tid som distriktsforstandar. Han var også pastor i fleire kyrkjelydar i DNM, i Ullensvang, på Halsnøy i Sunnhordland og på Bryne. Olav hadde eit hjarte for dei små og ofte gløymde plassane. På Frekhaug vart arbeidet organisert i Frekhaug Misjonsmenighet, som var aktiv der i mange år.

Sine siste år budde Olav i Canada att. Han var engasjert i forkynning og menighetsliv der, men også i Filippinene, som han vitja fleire gongar. Her i Nordhordland, og på heile Vestlandet, er det mange som er takksame til Gud for det dei fekk del i gjennom Olav Ryland si forkynnarteneste. Mange av desse er i dag i aktiv teneste for Gud i ulike samanhengar.

Del 16 : Nye kyrkjelydar i Nordhordland

Dei siste 25 åra har vore ei åndeleg brytningstid i Nordhordland, der nye forsamlingar har vakse fram ved sida av dei gamle og etablerte kyrkjelydane. I det siste har det også vorte større einskap og meir samarbeid mellom dei ulike kyrkjelydane. Her skal vi kort nemna dei fleste av dei nye kyrkjelydane i nærområdet vårt.

Kristent Fellesskap vart formelt etablert som eigen kyrkjelyd i Nordhordland i 2002, men hadde då i mange år hatt eit arbeid her i distriktet ut frå kyrkjelyden i Bergen. Kristent Fellesskap i Bergen hadde starta opp i 1985, ut frå ei Bibelgruppe som hadde eksistert i 10 år. Det var Berit og Noralv Askeland frå Frekhaug som starta opp Kristent Fellesskap i Bergen. Kristent Fellesskap i Nordhordland samlast på Knarvik ungdomsskule og til fellesskapsgrupper i heimane. Kyrkjelyden er ein del av Kristent Nettverk.

Nordhordland Bibelsenter har også sine røter attende til 1980-talet. Då vart kyrkjelyden Nytt Liv Misjonssenter starta ut frå ei evangeliseringsgruppe som kalla seg "Lindås for Jesus". Dette skjedde under ein teltmøteaksjon på Eidsnes sommaren 1986. I 1991 kjøpte kyrkjelyden eit tidlegare matsenter i Alvermarka, som frå då av har vore forsamlinga sitt møtelokale. Frå 1996 var kyrkjelyden ein del av Levende Ord Bibelsenter i Bergen, men vart på nytt sjølvstendig frå 2008, no med namnet Nordhordland Bibelsenter. I 1999 starta kyrkjelyden opp Nordhordland Kristne Grunnskole, som i dag har meir enn 110 elevar frå 1. til 10.klasse.

Lindås Misjonsmenighet vart grunnlagt i 1996. Fram til då hadde dei lenge vore ein husfellesskap. Misjonskyrkja har sitt møtelokale i Lindås senter. Dei er tilslutta Det Norske Misjonsforbund.

Norkirken Nordhordland vart skipa på Frekhaug i 2004, då med namnet Oasefellesskapet. Kyrkjelyden har sin samlingsstad i Meland Aktiv, og er tilslutta Normisjonen.

Frekhaug Bibelsenter starta opp i 1992, og har sitt møtelokale i eige bygg på Skarpenes i Meland. Forsamlinga er tilslutta nettverket Maranatha World Revival Ministry.

Huskirken Nordhordland vart formelt skipa i 2010, ut frå huskyrkjelyden "Sammen i tjeneste", som har vore aktiv i fleire år. Dei er tilslutta Doulus-nettverket.

Det er i dag ein variert og rik kyrkjelydsflora i Nordhordland. Fleire av dei nye kyrkjelydane samlar meir enn 100 menneske til sine søndagsmøte, og har dessutan eit rikt barne- og ungdomsarbeid. Lovsang, misjon og samfunnsengasjement er også noko som kjenneteiknar mange av kyrkjelydane.

Dei mange nye kyrkjelydane i Nordhordland har ulik historie og tilknyting, men står likevel saman om det sentrale i evangeliet og i trua på Bibelen som Guds ord. Mange av kyrkjelydane samarbeidar og har samfunn med kvarandre gjennom "Leiarforum". Forumet har vore med å bana veg for meir samarbeid og større einskap mellom dei ulike kyrkjelydane i distriktet.

Biletet : Frå eit fellesmøte i Nordhordland arrangert av Leiarforum.

Del 17 : Vegen vidare

Det er lenge sidan vi fekk oppleva store og gjennomgripande vekkingar her i Nordhordland. I fleire bygder og kyrkjelydar skjer det likevel mykje positivt, og vi høyrer om menneske som vert kristne rundt om i distriktet vårt.

Sjølv om det ikkje har vore gjennomgripande vekkingar mellom folket i Nordhordland på mange tiår, er det stadig menneske som vert kristne. Ikkje minst har eit rikt barne- og ungdomsarbeid ført mange unge til Kristus. Andre har kome til trua gjennom kyrkjelydane sitt arbeid, og i møteaksjonar som har vorte arrangert. Blant anna har nokre fellesaksjonar, der fleire bedehus og kyrkjelydar har stått saman, gjeve gode resultat.

Som nemt i del 16 har kyrkjebiletet i Nordhordland endra seg mykje dei siste åra, noko det heilt sikkert er delte meiningar om. Nye kyrkjelydar, og huskyrkjer, har i mange tilfelle vist seg å vera ein god måte å nå nye menneske på. Men det finst ikkje noko fasitsvar på dette. I landet vårt har vi også sett at kyrkjelydar har slått seg saman, eller at nye kyrkjelydar har gått inn i etablerte kyrkjesamfunn. Det avgjerande er nok ikkje om vi er "gamle" eller "nye" kyrkjelydar, men om vi er levande kyrkjelydar, og om vi er relevante for menneska rundt oss, dei som vi skal nå og vinna for Jesus.

Det skjer mykje spanande i Nordhordland no, både i dei enkelte kyrkjelydar, men også på tvers av desse. Vi opplever at mange bedehus samarbeidar om møter og aksjonar. Dette samarbeidet går i enkelte høve på tvers av tidlegare kyrkjegrenser, som når pinsevener og indremisjonsfolk har bønemøter og møteaksjonar ilag. Andre døme på tverrkristent samarbeid i Nordhordland er "Leiarforum" og "Kvinneforum". "Tentro" er eit konfirmantopplegg som alle frikyrkjelydane i regionen står saman om. Mange har opplevd det felleskristne samarbeidet som svært fruktbart.

Når vi no avsluttar vår artikkelserie om kristenliv og vekkingsliv i Nordhordland for denne gong, er det i takksemd til alle dei Guds menn og kvinner som har gått føre oss, og som med sine liv har bana ein veg for oss som kom etter. Men fyrst og fremst ser vi framover. Også i vår eiga tid kan vi få oppleve vekking! Av Guds nåde, og ved Guds kraft, kan det skje! Skal vi som Guds folk i Nordhordland stå saman i bøn og arbeid for at dette skal henda? Ein ting veit vi : Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid!

***

Dei viktigaste kjelder for heile denne artikkelserien : "Vårløysing" av Oscar Handeland, Lunde forlag 1922. "Ludvig Hope" av Oscar Handeland, 1955. "Lars Njøten" av Johannes Kvalheim, Sambåndets forlag 1950. "Myking kyrkja 100 år", 1961. "Nordhordland Indremisjon 100 år", 1978. "Barn på flukt" av Arvid Møller, Luther forlag 1982, "Pinsestemne på Romarheim 100 år", 1998. "Kristenarv og framtidssyn" av Sigurd Rydland, Sir forlag 1999. "Reise i bedehusland" av Johannes Kleppa, Sambåndet forlag 2001. Artiklar av Øystein Valde. Aviser og blad : Korsets Seier. Strilen. Norge Idag. Nordhordland. Dagen. Nytt Liv. Dessutan : Eigne notater, og samtale med Borgny Nesbø i 1998.

Av: Kåre Hindenes

Powered by Cornerstone