Nyheter/Skulen i gamle dagar

Skulen i gamle dagar

14.05.2020
Skulesoge frå heimbygda mi

Heimbygda mi heiter Hindenes og ligg ved ein av dei inste fjordarmane til Fensfjorden. Her vaks eg opp, i ei veglaus bygd, og her gjekk eg på skulen. I denne artikkelen vil eg fortelja om skulen i heimbygda mi, heilt frå bestemor si tid, og litt før det.

Del 1. Omgangsskule

På 1800-talet var det omgangsskule i landet vårt. Det fanst ikkje eigne skulehus, så skulen måtte halda til i stovene, og gå på omgang frå heim til heim. Dei kunne vera ein eller fleire dagar i ei stove, før dei flytta til neste hus. I 1842 var skuleborna frå Hindenes, Åsgard og Svindal i same krins, og skulen gjekk då på omgang mellom 12 ulike heimar: 8 av desse på Hindenes, 2 på Åsgard og 2 på Svindal. Skuleåret var på 60 dagar, slik at kvar stove då vart nytta til skule 5 gongar i løpet av året. Etter 1880 høyrde Svindal til Tveitegardane.

I 1887 er det 6 skuleborn på Hindenes, men i 1890 har talet auka til 12 born. Utover 1890-talet vaks barneflokken, slik at dei var rundt 20 skuleelevar på det meste, i ein udelt omgangsskule. I 1890 gjekk Hindenes-borna 8 veker på skulen, men frå 1893 vart det 12 veker.

I 1896 vart det slutt på omgangsskulen, men sidan dei ikkje hadde noko skulehus måtte dei framleis leiga enkelte stover på garden til undervisningsrom. Dei siste tre åra før skulehuset kom, var skulen i stova hjå Mons Olsen Hindenes på Skørvo. Og før det hadde skulen vore fleire år på Myrane, hjå Ivar Sandersen Hindenes.

Del 2. Då bestemor gjekk på skulen

Ho bestemor (farmor), Mathilde Hindenes (f.1894), byrja på skulen i 1901. Sjølv om det var slutt på omgangsskulen, fanst det på den tida ikkje noko skulehus på Hindenes. Hennar skulekvardag var nok mykje lik den som dei hadde hatt i omgangsskulen, sjølv om dei no fekk bruke same stova i lange periodar. Midt på 1970-talet intervjua eg bestemor, og her er litt av det ho fortalde om skuletida si:

Me hadde ikkje skulehus, men var samla i ei alminneleg stove, enten hjå naboen eller hjå oss. Det kunne vera nokså trongt, for me var mange born. Me var fleire ilag om ei lesebok. Dei tre fyrste åra gjekk me i 1.klasse, og dei fire siste åra i 2.klasse. Me kunne lesa før me byrja på skulen, slik at me greidde oss. Men på skulen byrja me å skriva, tal og bokstavar. Me hadde slike fag som kristendomskunnskap, katekisme og forklåring, og når me vart eldre, kyrkjehistorie, geografi og Noregshistorie. Ofte måtte me læra ting utanåt.

Læraren min alle desse sju åra var Hans Nævdal. Me hadde stor respekt for han, for han kunne vera nokså streng. Men han var ein flink lærar. Han budde på Stranda, og måtte ro over fjorden til Hindenes i allslags vær. Han skulte 4 veker på Rød skule, og deretter 2 veker her. Når han var på Rød skule hadde me fri. Om ikkje elevane var som dei skulle, kunne dei få juling, om det ikkje var så mykje galt dei hadde gjort. To karar , han Nils og han Olai, hadde sett noko utanfor vindauga, og byrja å le. Då dei ikkje ville ut med kva dei lo av, vart dei rista og jaga ut.

Bestemor sa også at då ho gjekk på skulen var dei 19 born på det meste, så då skjøner me at det ikkje var mykje plass i ei lita stove. Alle borna frå 1. til 7.klasse var ilag, så det må ha vore ei stor utfordring å vera lærar på den tida.

Del 3. Det fyrste skulehuset

I 1916 fekk bygda endeleg skulehus. Det vart bygt på Smalagothaugen, under Husfjellet, i utmarka mellom bygdene Hindenes og Åsgard. Borna frå desse to nabobygdene var elevar ved skulen. På eit skulefotografi frå 1930 er dei 18 born på biletet. Det høgaste barnetalet i åra som fylgde var i 1936, då skulen hadde 21 born.

I «Mimra – Sogeskrift for Lindås 2008» skriv Ivar Åsgard (f.1911) om då han gjekk på skulen:

Eg var 6 år då eg starta i skulen i 1917. No hadde me fått skulehus, oppe i ville utmarka, der det aldri skulle vore noko hus. Me frå Åsgard fekk rett nok litt kortare skuleveg, men myrane og kleivane og bekkene og dika var dei same som før. I ettertid kan ein undrast på at folk kan vera so likesæle og ikkje bry seg med å nytta nokre timar for å finna ein laglegare plass åt eit skulehus.

Skuletida vår var frå 9 til 16, seks dagar i veka. Fyring om morgonen var plikt og gjekk på omgang. Å skaffa ved til skulen var og plikt. Veden måtte berast på ryggen i ulendet. Det kunne vera ymse med vedstellet, stundom var veden rå og stundom var der ikkje ved. Me hadde ikkje tette støvlar og regnklede som skuleborna har i dag, så me var ofte våte når me kom på skulen. Var me tidleg ute, kunne me stå kring omnen og varma oss litt før skulen tok til. Heile tida mi var det samla skule, 1.-7.klasse.

Frikvarter

I frikvartera leika me ute, om veret var uteverande. Gutar og jenter leika i lag for det meste, sjølv i snøballkrig kunne jentene vera med. I ruskever leika me på loftet over skulestova. Det var lågt under taket, men me hadde mykje moro der.

Då Ivar gjekk på skulen vart det ikkje brukt straffemåtar, som å måtte stå i ei «krå» (skammekrok), verta heimsend eller anna, men han veit at dette var i bruk både før og etter hans skuletid. Han kan heller ikkje minnast at dei fekk mykje ros. Mobbing meiner han at det var lite av.

Ivar fortel elles litt om episodar han hugsar frå skulen. Her skal me ta med ein av desse:

Ein skuledag var det ein tolv år gamal gut som ikkje ville leika med oss. Han stod roleg og stødde seg til veggen frikvarteret til endes. Dagen etter stod han på same måten. Me spurde kvifor han ikkje ville vera med oss og leika. Svaret me fekk, lydde soleis: «Treskona vert no snart nok utslitne om eg ikkje fer slik og spring». Han var frå ein stor syskenflokk, og då so -. Der skulle mange tresko til, og tidene var harde. Litt om litt slo han av på krava og fann attende til kameratane.

Del 4. Meir om «gamleskulen»

Asbjørn Åsgard (f.1920), fortel om den dagen han byrja på skulen:

Den 10.mai 1928 rusla eg over Krossleitet og ned til skulehuset som låg på ei hylle ovafor Hindenes. På Åsgard var det to bruk, men det var berre skuleborn på det eine, og det var Anna på nær fjorten, Johan på nær elleve og eg på sju og eit halvt. I ryggsekken som var med låg der tre pakker med potetkaker eller brødskiver. Drikka kunne me gjera når me kom heimatt. Me krangla om kven som skulle bera sekken. Me var tre nye elevar; to jenter frå Hindenes attåt meg. Der var for få pultar, så dei første vekene sat Benny og eg på pinnestolar ved kvar sin ende av eit lite bord, og Olga fekk «sitja på» med Aslaug. Benny var blyg og såg på meg mellom fingrane. Der sat me, 18 born frå 7 til 14 år, og me sat tett. Det høvde så nytteleg at tre elevar gjekk ut av skulen til sommarferien, så me fekk kvar sin pult om hausten.

Klesdrakta

Asbjørn fortel elles detaljert om klesdrakta si denne fyrste skuledagen: Skuleguten gjekk i ei svart vadmåls-knebukse, hadde på seg ein gul genser, og topplue. Alt tøyet, også undertøy og sokkar, var heimelaga. Ulla kom frå eigne sauer, og «mor hadde klypt sauene, karda og spunne ulla, vove stoffet og sydd buksa» skriv Asbjørn. På føtene hadde han sko av ler, som skomakaren på grannetunet hadde laga.

Borna frå Åsgard gjekk alltid i sko av gummi eller ler, medan dei som kom frå Hindenes, og hadde kortare veg, brukte tresko. Medan Åsgard-borna hadde nistepakke med seg på skulen, kunne Hindenes-borna springa heim i matpausen. Asbjørn minnest lyden av treskoa deira: «Å kor gjerne eg ein gong til skulle få høyrt klakkinga av treskone når dei kappsprang ned kleivane. Det var like mange toneklangar som det var born, etter som skone var tjukke og nye eller gamle og tynnslitne, etter som materialet var older, bjørk eller furu.»

Vidare fortel Asbjørn at dei gjekk på skulen i to-tre veker samanhengande. Så hadde dei fri i eit par veker medan læraren skulte i Austfjorden (i Skår).

Skulehuset og skuleplassen

Skulehuset stod få meter frå ein høg mur. Det hadde vore både gjerde og skuleport i starten, men dette var øydelagt og rusta bort då Asbjørn byrja på skulen. Muren stod uskjerma, men borna passa seg, slik at ingen fall utfor og skada seg. Rundt skulehuset hadde det ein gong vore planert, men midt på plassen stod det att ein liten fjellknatt. Resten av uteområdet var naturen rundt. Her leika borna i frikvartera. Også husdyra lika seg på skuleplassen, når ikkje borna var der. Hestar, kyr og sauer låg der dagen lang, og etterlet seg mykje skit.

Mellom skulestova og vetlehuset stod det ei lita furu, og denne vart nytta som «arrest» når borna leika «stå», ein lokal variant av «politi og røvar». Slåball var også populært, men ein kunne ikkje slå ballen for hardt, for då forsvann han i skogen. Om vinteren kunne borna gå på skeiser på ei lita tjørn nedanfor skulen. Det kunne stundom verta litt tid til det, etter at dei hadde ete nistepakka si. Men etter skuletid (kl.16) måtte dei skunde seg heim før det vart mørkt.

Asbjørn skriv dette i «Mimra – Sogeskrift for Lindås 2007»: «Tryggleiken i heimen og gleda ved skulegangen er vel det som har forma meg sterkast av alt. Kanskje var eg den einaste som kom til å gå vidare og velja læraryrket. Skulevegen min vidare var tung og bratt, verre enn den over Krossleitet. Når eg likevel nådde målet, kom det ikkje minst av det solide grunnlaget eg fekk i det gamle huset som aldri vart gjort heilt ferdig.»

Ein lærar som skulte mange år i bygda var Magnus Svindal (f.1898)*, som budde på Svindal. Han måtte gå gjennom skog og mark og dessutan kryssa fjorden med robåt. I Fuglevikane la han båten sin. Han slutta i 1960, etter å ha vore lærar på Hindenes i meir enn 30 år, frå 1927. Frå 1930 og i mange år framover var det så mange born at skulen då var todelt.

Del 5. Nytt skulehus i Gongstø

Også far min, Alf Hindenes (f.1924), gjekk alle sine skuleår på «gamleskulen», som var i bruk i mest 40 år. Men i 1954 vart huset rive, og materialane vart nytta opp att i det nye skulehuset som vart reist i Gongstø, mellom Hindenes og Åsgard. Her skulle vegen mellom dei to grendene byggast, og arbeidet var alt i gang. Det nye skulehuset hadde kjellar med gymsal og kjøkken. Trappa gjekk bratt ned til kjellaren frå gangen i hovudetasjen. I denne etasjen var det skulestove og lærarrom, og garderobe i gangen. Utanfor inngangen var det eit overbygg som me kalla for skuret, der me kunne stå tørt i allslags vær. I forlenginga av skuret var vedskjulet, og fleire do.

I 1956 fekk skulen plantehakker, og desse vart mykje nytta. Det var helst gran som vart planta. I alt vart det sett over 8000 plantar, mest på Åsgard.

Då eg gjekk på skulen

Sjølv byrja eg på skulen i 1962. Me var to fyrsteklassingar. Men jenta som byrja på skulen saman med meg flytta frå bygda. Dermed vart eg åleine i min klasse. I starten var eg så blyg at eg ikkje våga å snakka høgt i klassen, men berre kviskra. Etter kvart våga eg steget, og då eg kom på ny skule på Kløvheim, i 6.klasse, las eg så høgt at klassekameratane vart forundra.

Den fyrste læraren eg hadde var Einar Helland. Han kom i ein open båt med påhengsmotor frå Askeland til Hindenes. Sidan hadde eg fleire lærarar. Johan Åsgard var ein av dei, og han fortalde så levande og gripande om det han hadde opplevd i Finnmark under krigen. Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg. I 1967 laga me i 4.-5.klasse ei bygdebok om heimbygda vår. Då hadde me Aud Nesbø som lærar. Kan hende det var dette prosjektet som gjorde at interessa for lokalhistorie vart vekt hjå meg?

Eg hugsar godt Bibelsoga som me hadde, og dei store plansjane med Bibelske motiv. Pultane våre var av den gamle sorten med sete og bord i eitt, med rom for bøker under bordet, og tillaga plass for penn og blekkhus i den skrådde bordplata.

I friminuttane hadde me dei same leikane som våre foreldre hadde hatt på gamleskulen, slik som «stå» og slåball, men også andre leikar og ballspel. Me hadde ein fin, grusa og inngjerda skuleplass, og innanfor gjerdet var det også litt naturtomt, der det vaks furutrær. Rundt skuleplassen var det furuskog. I 1963 høyrde me på radioen om nokre fangar som hadde rømt frå eit fengsel i Oslo, og me leika "dei tre rømlingane" lenge etterpå, der nokon fekk rolla som politi og tre av oss var forbrytarar på frifot. Då sprang me ut i skogen også, og det var vel over grensa for kva som var tillate.

Skuletur

Av skuleturar som me reiste på er nok turen med Johan Åsgard til Kleivsbotn den som eg hugsar best. Det var 18.-20.juli 1965, og været var strålande. Då var eg 10 år, og det var ei stor oppleving for meg. Me fiska aure i Storavatnet, og kjøpte mjølk frå budeia i Kalvedalen. På den tida var det framleis budeie på sætra, men snart tok det slutt både med kyr på fjellbeite og fisk i fjellvatnet. Me gjekk også opp til toppen på fjellet Horgi, og derifrå var det storslått utsikt. Dette vart ei ugløymande oppleving for oss borna.

I skuleåra 1963-64 og 1964-65 var Hindenes skule todelt, og dei yngste elevane hadde si skulestove i kjellaren (gymsalen). I 1967 byrja eg i 6.klasse på Kløvheim skule, og året etter, i 1968, vart skulen på Hindenes nedlagt. Det var for få born til at skuletilbodet kunne halda fram. Borna byrja no på Kløvheim skule. I 1969 vart det 9-årig skule i Noreg. Frå 7.-9.klasse gjekk eg på Ostereidet ungdomsskule.

Av: Kåre Hindenes

Kjelder:

«Mimra» – Sogeskrift for Lindås 2007, 2008 og 2014. Utgjevar: Lindås Sogelag.

Skulesoge for Lindås, band 1 og 2. Utgjevar: Lindås kommune. Forfattar: Asbjørn Åsgard.

Intervju med bestemor, Mathilde Hindenes.

*Tillegg: Lærarar på Hindenes skule etter Magnus Svindal var desse: 1960-61: Else Marie Dagsland; 1961-63: Einar Helland; 1963-65: Johan Åsgard; 1963-64: Rigmor Skauge; 1964-65: Sigrun Øvretveit; 1965-66: Britt Hagesæter; 1966-68: Aud Nesbø.

Powered by Cornerstone