Nyheter/Det største underet
2020-12-02
Det største underet
Gud vart menneske

Del 1: Det største underet

Kva er det største underet i historia? Det største mirakelet gjennom alle tider? For meg er svaret opplagt: At Gud vart menneske. Denne sanninga er for stor til at vår forstand kan gripa det. Men når Gud med sin Ande får opplysa våre hjarte og skape trua i oss, då får vi eit glimt inn det største mysterium og den største løyndom som vi menneske kan få del i.

Paulus seier det slik i sitt 1. brev til Timoteus:

Det må alle sanna at løyndomen i vår gudstru er stor: Han vart openberra i menneskeskapnad….(1.Tim.3,16)

I 1.Johannes brev vert denne sanninga sett opp som sjølve prøven på kva som er sant og usant, kva som er frå Gud og hans Ånd eller frå Antikrist, kva som er ekte og kva som er falskt. Vi les der:

På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. (1.Joh.4,2)

Johannes skriv i sitt evangelium om Ordet som vart menneske. Det er Jesus Kristus han då skildrar. I vers 1 les vi dette: I opphavet var Ordet, Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.

Tydelegare kan det ikkje seiast. Han seier altså at Ordet var i opphavet, før noko byrja å eksistera. Før tida tok til, var Ordet. Han blei ikkje til i opphavet, nei, han var i opphavet. Ordet er evig. Ordet er tidlaust.

Det neste han seier er dette: Ordet var hjå Gud. Her ser vi det fullkomne samfunnet mellom to personar i guddommen. Men så går han vidare og slår fast: Ordet var Gud. Han som heiter Ordet var ikkje berre guddommeleg, han var Gud.

Del 2: Kvifor vert Kristus kalla Ordet?

Men kvifor vert Kristus kalla Ordet? Ein av grunnane er at han er oppfyllinga av alt Guds ord i Det gamle testamentet (GT). Han seier sjølv i Matt.5,17: Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.

Ja, i sanning, han oppfylte Guds ord til den minste detalj. Då vismennene kom til Jerusalem og spurte seg føre kvar dei kunne finna jødekongen som nett var fødd, ja då kunne dei skriftlærde visa til kva profeten Mika hadde sagt 700 år tidlegare:

«I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hjå profeten: Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.» (Matt.2,5-6) 

Då Jesus seinare, som vaksen, busette seg i Kapernaum i Galilea, les vi dette hjå Matteus (Matt.4,13-16):

Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja: Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea, det folket som bur i mørker, har sett eit stort lys, over dei som bur i dødsskuggens land, har lyset stråla fram.

Ja, då Jesus sjølv las ein tekst frå Jesaja i synagogen i Nasaret, så sa han til sine tilhøyrarar:

«I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på. » (Luk.4,21)

Slik kunne vi halde fram og peike på dei mange profetiane i GT som vart oppfylte gjennom Jesus Kristus.

Del 3: Gud har tala til oss gjennom Sonen

I dei fyrste versa i Johannesevangeliet kap.1 høyrer vi om Ordet som var hjå Gud, og som var Gud. Men så skjer det noko nytt i vers 14:

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Tenk at Gud vart menneske! Han som var hjå Gud kom for å bu på jorda, mellom oss menneske. Han som var sann Gud vart sant menneske! Han vart ein av oss. Også i Paulus sitt brev til filipparane les vi om dette:

Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han som eit menneske; (Fill.2,6-7)  

Johannes skriv også om det same i starten av sitt 1.brev:

Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. (1.Joh.1,1-2)

Jesus vert her kalla «livsens ord», som var hjå Faderen og som vart openberra for oss. Her stadfestar apostelen det han tidlegare har vitna i sitt evangelium: «Vi såg hans herlegdom» (Joh.1,14). Og han seier at denne herlegdom var «full av nåde og sanning»!

I GT openberra Herren seg gjennom sitt ord. Vi les t.d. om korleis Herrens ord kom til profetane. I Det nye testamentet (NT) finn vi at Ordet vart menneske, og at Gud talar til oss gjennom dette menneske.

I Hebrearbrevet les vi:

Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. (Hebr.1,1-2a)

Gud talar til oss gjennom Jesus. Gjennom dei ord han talte, gjennom det liv han levde, og gjennom dei gjerningar han gjorde.

Gud talte gjennom profetane i GT. Då Jesus levde mellom oss oppfylte han desse Guds ord og lovnader. Samtidig tala han Guds ord til oss, dei ord vi no kan lesa i NT. Han er oppfyllinga av Guds ord i GT, og den som talar Guds ord til oss i NT. Jesus er Ordet!

 

Del 4: Han kom for å fria oss ut

Vi har sett at Gud vart menneske. Lat oss då til sist minna kvarandre om kvifor dette var naudsynt.

Vi må tilbake til det som hende i tida sin morgon. Dei fyrste menneska fall i synd, og mista dermed samfunnet med Gud, sin Skapar. På grunn av synda kom heile menneskeslekta under Guds dom. Dei vart slavar under synda, var tyngde av skuld, og levde i redsle for døden og dommen som venta dei. Djevelen har dødens makt, og menneska i sitt grep.

Denne fortapte menneskeslekt hadde bruk for ein Frelsar! Ein som var utan synd, som kunne ta dommen og straffa vår, sona synda og sigra over djevelen og døden. I Hebrearbrevet les vi:

Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen, og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv. (Hebr.2,14-15)

Dette verset seier klårt kvifor Gud vart menneske. Det var for å fria oss frå redsle og slavekår, og setja oss fri! I staden for slavekår skulle vi ved trua på Jesus få verta Guds barn, og gå frå slavekår til barnekår, frå frykt til fred, frå død til liv!

I Gal.4,7 les vi: Difor er du ikkje lenger slave, men son.

Korleis gjekk dette til? Då høver det godt å slutta her med endå eit vers frå Joh.1, denne gongen vers 12, der vi les om Jesus:

Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.

Det største underet er at Gud vart menneske, ein av oss, for å frelsa deg og meg! Og når vi tar imot Jesus, då får også vi del i dette under. Om du ikkje har tatt imot Jesus, så kan det henda i dag! Då vert underet også ditt!

02/12/2020 Kåre Hindenes

Powered by Cornerstone