Nyheter/Jesus lever - og eg skal leva
2021-04-02
Jesus lever - og eg skal leva
Hindenes, Kåre

Jesus lever - og eg skal leva

Jesus tala med sine læresveinar om at han snart skulle forlata dei, men at han ikkje ville lata dei verta att som foreldrelause born. Han gav dei lovnad om ein annan talsmann, Den Heilage Ande. Han seier i Joh.14,19: «Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva».

Dette sa Jesus før sin død, og tala dermed om si oppstode påskedagen, sin himmelfart, om pinsedagen, og om det hans læresveinar skulle få oppleve etter pinse. Er ikkje dette herlege ord frå Jesu munn: «Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva». Jesus lever, og det er grunnen til at eg kan leva!

Påskebodskapen kan summerast i desse orda: Jesus lever! Men har vi verkeleg skjøna kva dette betyr for menneskeslekta? Kva det har å seia for oss? For meg?

Når eg oppdagar at Jesus lever, ja då vert livet omsnudd. Då opnar det seg ei ny verd, og livet får ny meining. Det har eg sjølv fått erfare, og eg kan seia som det står i ein kjær kristen song: «Min Jesus lever, derfor vil eg leve!»

Mine synder er sona

Paulus underviser om Jesu oppstode i kap.15 i 1.Korintarbrev. Han seier i vers 17: «Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar.» Men heldigvis seier han meir enn dette. Han held fram i vers 20: «Men no er Kristus oppstaden frå dei døde.»

Paulus brukar sterke ord i dette brevet. Han seier at dersom Kristus ikkje har stått opp, då er trua vår gagnlaus og bodskapen vår tom. Då er vi falske vitne, og ynkelegare enn alle menneske. Og då er vi enno i syndene våre. Men les vi heile dette kapittelet, så ser vi korleis Paulus klårt understrekar Jesu oppstode, mellom anna ved å vise til alle dei som møtte han etter oppstoda.

Jesu oppstode har noko viktig å fortelje oss, nemleg at Gud har godtatt Jesus sitt offer for våre synder! Sagt med andre ord: Mine synder er sona! Ja, ein annan stad, fortel Paulus at Jesus Kristus oppstod for at vi skulle verta gjort rettferdige for Gud! Lat oss sitere kva apostelen seier om Jesus i Romarbrevet 4,25: «han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.»

Å verta rettferdiggjort er det same som å verta fridømt. Og Jesus vart oppreist frå dei døde nettopp for at Gud skulle kunne fridøme eller frifinne oss! Hadde ikkje Jesus stått opp att frå dei døde, kunne eg ikkje visst om hans offer for mine synder var nok. No veit eg det! Det er nok det som Jesus gjorde!

Døden er overvunnen

Lat oss på nytt sitere frå 1.Korintarbrev, denne gongen vers 20-23: «Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn. Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.  Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.» Vi som høyrer Kristus til, treng ikkje lenger å frykte for døden.

Dette er verkeleg godt nytt. Vi treng ikkje leve med dødsangst, fordi vi veit at Kristus har sigra over død og grav. Synda er døden sin brodd, men når synda er tatt bort har døden mista sin brodd. (1.Kor.15,55-56)

Jesus sa ein gong til ei kvinne som heitte Marta: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.» (Joh.11,25-26) Saman med Jesus er framtida lys. Han gjev oss håp – ja, han er vårt håp! Å, kor eg skulle ynskja at fleire fekk del i dette!

Jesus lever for meg

I Romarbrevet 8,34 les vi: «Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss.» Her er nok eit resultat av at Jesus vart oppreist frå dei døde. Han bed for oss!

Vi kristne snakkar ofte om at Jesus døydde for oss, men like sant og viktig er det at han lever for oss! I Hebr.7,25 står det: «Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.»

Jesus lever alltid og går i forbøn for oss! For ei herleg sanning dette er! Eg er trygg, for Jesu er min forbedar. Han frelste meg ved sin død, men han frelser meg også ved sitt liv! Som det står i Rom.5,10b: «Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv!» Men korleis vert vi frelste ved hans liv? Svaret er at Jesus bevarer oss hjå seg, midt i alt som møter oss i livet. Eg er trygg hjå han! Ingen kan rive meg ut av hans hand! (Joh.10,28)

Dette betyr altså Jesu oppstode for meg: 1) Mine synder er sona, og ved trua på Jesus seier Gud meg rettferdig: Han frifinner meg. 2) Døden er overvunnen: No har eg evig liv i Jesus Kristus! 3) Jesus lever for meg og bed for meg: Han bevarer meg. Eg er trygg hjå han!

Jesus lever – og eg skal leva! God påske!

28/03/2021 Kåre Hindenes

Powered by Cornerstone